Dobbelt Stølsmark i Hestanipen Opp

Skrive av Ragnar Stølsmark

Vikedal viste seg frå si beste side på fredag når det var klart for det første Hestanipen Opp. Eit motbakkeløp med 509 m stigning fordelt på 3.5 km. Tidligare hadde over 70 stk tatt turen opp i mosjonsklassen før det kl 4 brakte laus for dei 44 startande i løpsklassen. I herreklassen var det eit sterkt felt med 3, 5, 9 og 11. plassen frå Ølmedal Rundt på plass. Rasmus uttalte på forhånd at han trudde det skulle bli hardt å komma på pallen. Han gjekk likevel hardt ut og var heilt i tet dei første 100 metrane. Eg tok teten i den første bakken og etterpå såg eg ikkje noko til konkurrentane før på toppen. Turen opp krones til ny førsteplass innen smerte i eit løp, 800 m er detronisert. Det var tidvis vannvittig bratt (opp mot 40% stigning) og då er det hardt å «springa». Eg karra meg opp på ny pers (eg hadde tidligare sprunge løypa på trening) med 21:43. Rasmus kom seg opp på ein sterk 2. plass med tida 23:56. Sjelden har eg sett nokon så sliten. Han stupte over mål, men heldigvis var det ein liten unge der som kunne ta av for den verste smellen:). På 3. plass kom motbakkespesialist Kristian Heggebø, med 9. plass frå Grefsenkollen Opp i år, på tida 24:55. På 4. plass kom Odd Olav Helgevold på tida 25:17.

Resultatliste

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette:
search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close