GTI-gjengen bestod av Tore Olav Kristiansen, Ørjan Grønnevig, Tom Erik Halvorsen, Rasmus og Ragnar Stølsmark. Einar hadde på forhånd fiksa fly, hotell, leiebil og påmelding. Me måtte berre møte opp og løpe. Det var riktignok lenger til Lillehammer enn me hadde rekna med, så turen blei forholdsvis strabasiøs (spesielt for den som trakk det kortaste strået og blei henvist til midtre baksete). Det som me trudde var god tid, blei til slutt rimelig hastverk og når Ørjan satte i gang med oppvarminga var det kun 20 minutt til start.
Lite oppvarming til tross, Ørjan åpna friskt og la seg heilt i tetskiktet frå første meter. Harald Kårbø fekk etterkvart ei solid luke ned til forfølgerane der både Ørjan og Adam frå Sandnes var med. I følge Ørjan var luka såpass at han ikkje såg ryggen til Kårbø. I den siste grassbakken var Ørjan betraktelig piggare enn alle dei andre. Før nest siste sving hadde han tetta luka til Kårbø og det såg ut til å kunne gå mot ein tredje NM-tittel! Dessverre trudde Ørjan at løypa fortsatte rett fram og måtte derfor bråstoppe slik at Kårbø fikk ei luke. Denne blei for vanskelig å tetta men Ørjan holdt unna for Johan Bugge og tok sølvet. Ein kjempeprestasjon der forhåndsfavoritt Thomas Solberg Eide var blant dei som fekk nok av det harde kjøret.
Løypa bestod av 4 parti, ein flat behagelig del rundt på idrettsbanane, ein skikkelig bakke som tok cirka 1:50 å springa opp i «behagelig» fart, eit flatt gjørmeparti som var for glatt for joggesko (nokon folk tryna her) og ein skikkelig nedoverbakke mot stadion. Ei rimelig tøff løype med andre ord. Derfor gjorde det ingenting at GPSen målte løypa til cirka 8.8 km istadenfor dei oppsatte 10.
Rett etter Ørjan var i mål starta me andre i seniorklassen. Tidenes lataste startar gidda ikkje eingong å løfta pistolen, noko som tok fleire på senga. Erfaringsmessig startar mange friskt, så me valgte ein meir avventande taktikk med tanke på alle bakkane som kom. Dette viste seg å være ein grei taktikk for det som kjentes ut som ein behagelig åpningsfart, var alt anna enn behagelig mot slutten av siste bakke. Rasmus følte han ikkje hadde dagen (han blødde naseblod like før start) og valgte å gi seg etter den første bakken. Tore Olav åpna hardt men blei liggande lenge i ingenmannsland. Sjølv om han måtte spørre om veien klarte han å kjempe seg inn til ein 23. plass med tida 32:48. Tom Erik han på Ragnar i ein runde, før han fekk nok. Men det var langtfra snakk om nokon sprekk. I siste grassbakken tok han igjen Stian Vestbø frå haugesund. Oppover sprang han friskt forbi. Dessverre var Vestbø hakket vassare i nedoverbakken mot mål og klarte å komme først i mål. Men det blei uansett ein god 19. plass på Tom Erik med tida 30:54. Ragnar tok igjen gruppa foran i siste langbakke. Ned mot stadion fekk dei ei lita luke igjen. I siste grassbakken klarte Ragnar å springa forbi Asle Tjelta og holdt 14. plassen inn til mål med tida 30:09. Ragnar hadde også Thomas Windheim bak seg som har sprunge 14:48 på 5000 meter i juli. At det går litt oppover er tydeligvis bra.
Etter løpet kom me oss til Oslo der me hadde eit supert måltid med italiensk pizza og tiramisu til dessert. Når me i tillegg klarte å akkurat rekke flyet him på søndags morgon må jo vår første tur til NM i terrengløp betegnes som ein kjempesuksess. Dette året har me lært kva det vil seie å springa terrengløp og langt fra blitt skremt av nivået. Til neste år kan me nok springa enda fortere (kanskje til og med utan flåttbitt?:)).
GTI-gjengen under frokosten dagen etterpå.
Skrevet av Ragnar Stølsmark