Ølmedalen Rundt

Fra arrangøren av Ølmedalen Rundt har vi mottatt denne pressemeldingen.

Ølmedalen Rundt er et flott arrangement i brødrene Stølsmark sine hjemtrakter.

IMG_0403

Barneløp

 

Pressemelding:

Andre pinsedag, 16. mai 2016, er det igjen klart for folkefest i Ølmedal. Mosjonsløpet Ølmedal Rundt vert arrangert for 29. gong på rad, og trekkjer nærmare 1000 trimmarar og aktive løparar til bygda.

          – Det blir ein flott førfest og fin opptakt til 17.mai. Får du med deg løpet 2. pinsedag kan du dobla iskvoten på nasjonaldagen, seier Lars Olav Larsen, leiar av arrangementkomiteen.

Løypa er på 7 km og går rundt det idylliske Ølmedalsvatnet. Velholdte gardar og gardstun lagar ei flott ramme rundt løpet.

I fjor stillte 215 menn og kvinner til start i hovudløpet, som vart vunne av Urige Buta på tida 20.46, eit drygt minutt bak løyperekorden. I kvinneklassen er det Susanne Wigene som har løyperekorden, på tida 22.01. 

Storparten av deltakarane tek seg god tid rundt løypa, og stiller i mosjonsklassen. For dei som også vil måla intellektuelle krefter er det lagt opp til kviss undervegs. 

Familiearrangement

Folketalet i Imsland blir om lag tredobla under arrangementet, og i start/ mål-området er det liv og røre heile dagen. Dei aller fleste deltakarane går eller syklar den 7 km lange løypa og avsluttar turen med grillmat og dessert frå heimelaga kakebuffet, medan dei heiar fram dei aktive løparane. Det blir og avvikla barneløp, der deltakinga har vore stabil siste åra. I fjor stod 90 born på startstreken til den om lag 500 meter lange løypa.

Skiløparen Sjur Røthe til Ølmedal igjen

Løparane som stiller til start i aktiv klasse har opp gjennom åra fått måle krefter mot nokre av landets fremste idrettsprofilar, til dømes Petter Northug, Ole Einar Bjørndalen, Anders Aukland, Odd Bjørn Hjelmeset, Liv Grethe Skjelbreid, Hilde Gjermundshaug Pedersen med fleire. I år som i fjor vitjar langrennsløparen Sjur Røthe arrangementet.

– Røthe er ein av Norges aller beste langrennsløparar, seier Lars Olav Larsen, primus motor for Ølmedal Rundt.  – Han er ein fantastisk idrettsmann, som mellom anna vunne 5-mila i verdscupen i Holmenkollen og har og vunne VM-gull i stafett, seier Larsen. I fjor enda Røthe på 7.plass i Ølmedal, med tida 22.28. 

Løpet er og høgaktuelt for mosjonistar som vil stille i aktiv klasse. – Me ser at interessa for løping er aukande, og at fleire og fleire brukar løping for å halde seg i form, seier Larsen. – Ølmedal Rundt er godt egna også for dei som ikkje har pallplass som mål. Løypa går på asfalt og er lett kupert, og løparane vert godt mottekne av publikum, uansett tid og plassering.  

FAKTA:

Løpet vert arrangert andre pinsedag, 16.mai 2016.

Start og mål ved Bygdahuset i Ølmedal, Imsland i Vindafjord kommune.

Ølmedal Rundt har vore arrangert kvart år frå 1988. Deltakarrekorden er 1300.

Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, ca 7 km i lett kupert terreng.

Matsalg inne og ute, grillmat, kaker, svele og kaffi.

Drikkestasjon etter ca 4 km, kiosksal ved Ølmedal camping.

Barneløp, trimklasse og konkurranseklasse.

Medalje til alle i barneløpet. Premiar til dei tre beste i konkurranseklassen, dame og herre.

Loddtrekning av premiar i mosjonsklassen.

Profesjonell speakerteneste. 

KONTAKTINFORMASJON: 

Lars Olav Larsen, mob 97650640 / lars.olav.larsen@haugesund-sparebank.no